22 mai 2009

Sterk prestasjon i Utfor!


Torsdag morgon stod den store styrkeprøven Utfor på programmet. Etter gjennomkøyringa onsdag kveld var strategien lagt for korleis det norske laget skulle klatre på resultatlista etter tysdagens 12. plass samanlagt i Head to Head og Sprint. Det 17 km lange utforstrekket gav utfordringar med bølgjer og krevjande stryk, og laget fekk såleis nytta elveerfaringa og kunnskap i å lese linjer.

På grunnlag av samanlagtplasseringa så langt, vart laga delt inn i heat på 5 nasjonar med 3 minuttar intervall. Noreg starta difor i heat nummer tre saman med Japan, Danmark, Latvia og Serbia.

Startposisjonen viste seg å vere avgjerande for den første delen av konkurransen. Etter ein uheldig start kom Noreg sist ut av heatet og måtte bruke mykje krefter på å kjempe seg fram. Japan kom ut først og Noreg klarte aldri å hente dei inn igjen. Noreg låg likevel raskt som nummer to og undervegs henta dei i tillegg inn to lag frå heata foran.

Etter ein lang og krevande konkurranse endte Noreg på ein sterk 7. plass med tida 51.24, foran store nasjonar som USA, Tyskland og Russland. Japan overraska alle med tida 49.53, og vann med 5 sekunds margin foran Nederland. Veteran og storfavoritt Tsjekkia tok bronsemedaljen.

Med dette sterke resultatet kraup Noreg frå 12. til 9. plass samanlagt, og ligg no godt an foran laurdagens siste og mest tekniske disiplinen Slalom.

Foto: Ine Skjørten

VM i Rafting er i gang!


Det har ikkje blitt arrangert eit stort meisterskap i Bosnia sidan OL i Sarajevo i 1984, og dette fekk me føle på kroppen under opningsseremonien sundag kveld. Over 30 000 stk frå vertskapsbyen Banja Luka møtte opp for å sjå på laga frå heile 35 nasjonar. Alt i alt er 55 lag med på årets VM, der det er ny rekord på damesida i år med 22 lag, frå USA og Canada i vest og Japan i aust.

Det norske damelaget nytta høve til å feire 17. mai, grand prix seieren og opninga av VM på same gong. Med norske flagg, bunad og folkedans på scena fekk dei stor merksemd og jubel frå dei oppmøtte.

I 30 grader og strålande sol stod Sprint og Head to Head på programmet i elva Vrbas. Jentene har trent hardt dei siste dagane og var svært tent på gode plasseringar. Det viste seg at nivået på damelaga har heva seg sidan førre VM, og det var såleis mange lag som kniva om dei gjevaste plassane. Dei norske jentene endte på 11. i Sprint, kun 0,8 sekunder bak 5. plassen.

Med denne plasseringa møtte dei bronsevinnar Canada i Head to Head. Det vart ein tøff match og Canada kjempa seg fram til ein hårfin seier.

I morgon reiser laga til elva Tara, som ligg på grensa mellom Montenegro og Bosnia. For å halde det trange tidsskjemaet, blir laga frakta til elva med politieskorte gjennom heile landet. Tara Canyon er det nest største juvet i verda, etter Grand Canyon, og denne vakre elva står på UNESCO si verdsarvliste. Her skal disiplinen Utfor gå føre seg på torsdag.

Foto: Ine Skjørten

07 mai 2009

10 dagar att!

No er det berre 10 dagar att til VM i rafting og me gler oss til beinharde konkurransar i Bosnia. Laget har trent mykje dei siste månadene, og me er betre førebudd enn nokonsinne! For nokre dagar sidan kom endeleg Torill, lagets uthaldenheitsutøvar, heim frå isbjørnriket Svalbard. Det var difor med stor iver og glede at heile laget trente saman i går. For ein KRAFT og for ein FART det var i båten under treningsøkta!

No ser me fram til ei knallhard treningshelg på Voss i helga, før me rettar snuten mot Balkanhalvøya!

03 mars 2009

Me er i gang!


Om nokre få månader brakar det laus med VM i Bosnia og laget har høge ambisjonar for konkurransane på Balkanhalvøya. Målsetjinga er å få medalje i minst ein av disiplinane, og me ligg i hardtrening for å nå dette målet!

I hovudsak har me pumpa jern denne vinteren for å bli like sterke som det Slovenske jentelaget. Styrketreninga har gitt synlege resultat - Ragne viste sine svulmande musklar til middagsgjestane hennar forleden dag - og fekk ståande applaus! No står teknikktrening for tur, og me hadde ein svært bra treningsøkt i Vosso i førre veke.

Dette lovar bra!

PS: Me skal oppdatere nettsida ila kort tid. Laget består no av følgjande spreke padlejenter:
Valerie Bertrand (160 cm)
Kristin Gluck Evensen (162 cm)
Margrethe Alm (165 cm)
Gunvor Wæhle (162 cm)
Torill Pedersen (160 cm)
Ragne Elise Berre (174 cm)
Gry Bystøl (174 cm)

23 januar 2009

Nytt år, nye moglegheiter

No har det gått lang tid siden noko har skjedd her inne. Men mykje har skjedd! Laget har fått inn nytt friskt blod, ny giv og nye padleshortsar :D

27 juni 2007

Videoklipp på NRK!

På oppdrag frå NRK filmer me korleis det går her i Korea. Den fyrste videoen kan sjåast her http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/265692
Fylg med for fleir spanande heimesnekra reportasjar :)

24 juni 2007

Vår fyrste dag i Sør Korea


I dag såg me eit par rafting kundar nærmast springe nedover elva her i Inje, Sør Korea. Aldrig har eg sett så mange folk på elva, og eg har heller aldrig sett nokon rafte i ei så tørr elv. Frå sjølve elveparadiset på Voss har me reist til hi sido, og då meiner eg ikkje berre geografisk, kan det rette ordet være metrologisk, eg er klimatisk forvirra.

Me ser ei relativt tørrlagt elv, eller ein liten bekk som snirklar seg nedover elvebanken. Men det er jo ikkje noko vatn i denne elva, seier Linda litt forvirra. Jodå, denne er sikkert berre oppdemma, seier eg utan tvil!. Eg tenkjer at den elva me skal til sikkert ligg nydeleg til oppe med eit vakkert buddhistkloster. Ein vekkgøymt og idyllisk plass der munkane flyr ein halv meter over bakken i oransje nattkåper. Der dei ustanselig serverer oss chai te, ris, nudlar og sushi.

Det er ikkje vatn, seier det Canadiske laget. Me ser ei uendeleg rekkje seriøse arrangørar og raftarar med fortvila og regnhungrige blikk. Med litt galgenhumor ser ein det komiske i situasjonen. Rafting VM eller VM i flattvatnsrafting? I fjord kom monsunregnet rundt den 24 juni, det same skal skje i år. Likevel tek eg ingen sjanse, metrologiske spådommar har svikta før, eg gjekk ein tur på stien, i skjul av nokon høge trer tek eg meg ein liten regndans. Monsun her i Korea er ein vind eller ein kraftig havbris som bringer med seg kraftig regnfall. I regntida kan det oppstå alvorlege oversymjingar. Verst er det likevel når regnet ikkje kjem, der hungersnød er ein alvorleg følgje rundt om kring i verda. Arrangørar spekulerer litt I om den mykje omtalte klimakrisa har begynt å gjere seg gjeldande. Arrangørane lovar VM, regn eller ikkje. Kan hende dei må flytte konkurransen sørover, men her kjem mange økonomiske og praktiske problem inn I biletet. Alle har spørsmål, men ingen har svar.

Gry er litt smånervøs på treninga, med god grunn, me trena slalåm mellom brukara i ein illeluktande sump - ein drope i munn = vond mage. Gry vart sjuk under VM i Ecuador og tek ingen sjanse no. Me andre veit ikkje kva det vil seie å delta sjuk i VM, men me prøver å læra av erfaringa hennar. Me passar på kva me puttar i munnen.

Eg har heller ikkje sett ein einaste munk, oppsøker eit turistinfokontor. Her får eg vite at to timar herfrå kan eg besøke eit munkekloster og til og med få snakke med ein ekte munk, eg er positiv.

Folka er hyggelege og i ein liten butikk treff eg ein gammal koreansk tennisspelar, han inviterte heile raftinglaget på kaffiselskap, det er fyrste gong eg har fått servert kaffi på ein butikk utan å kjøpa noko. Han sel ris og bønner mellom premiesamlinga si. Og så me konverserer på engkorsk, og me kunne sikkert ha kome langt med norsken også, og om ein kan tre eller ti språk er ein like langt. Tennisveteranen tek fram globusen og eg viser han Noreg, då ler han og seier at der kan han aldri reise fordi der har me så mykje peng...

I morgon skal me padla litt i bakevja og rope på regnet. No sitt Gry, Linda, Gunnvor og eg på hotellrommet, Silje har lagt seg, sparar truleg kreftar til nokon kraftige padletak i bakevja. Ingen furtar endå. Gunnvor legg seg under dyna og seier; eg gleder meg til i morgon! Eg skjønnar kva ho meiner. Spanande fortsetjing følgjer.........

Vannmålaren ved raftingstrekket...

Kari Traa
Voss Rafting Senter
Voss Resort
Sparebanken
Mosjonsutane
NPF
www.vossraftingklubb.com